– Med denne strategien vil vi at norsk sjømatnæring blir værende en viktig bidragsyter i matsystemene i fremtiden. Det handler om å stadig utvikle og forbedre produksjonen i en mer bærekraftig retning, til det beste for miljøet, fisken og samfunnet. Her kan sjømatnæringa spille ei sentral rolle, òg internasjonalt, sier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.
Nedenfor er noen utdrag fra Nasjonal strategi for en grønn, sirkulær økonomi.
Ein Norsk Standard som effektiviserer distribusjonen har blitt førande for europeisk handel med sjømat. Strekkodane gir utfyllande informasjon om opphavet til og kvaliteten på sjømaten og er nøkkelen til effektiv elektronisk sporing gjennom heile leveransekjeda. Det er no etablert ein ny europeisk standard som byggjer på og erstattar den nasjonale. Den internasjonale standarden forenklar logistikken for sjømatprodukt i heile Europa og betrar kvaliteten og haldbarheita til produkta.
Digitalisering speler ei sentral rolle i EUs grøne giv og er eit viktig satsingsområde i EUs handlingsplan for sirkulærøkonomi, sjå kapittel 17. EUs «Farm to Fork»-strategi vektlegg òg betydninga av digitalisering og datadeling, slik at produsentane kan dokumentere berekraft overfor samarbeidspartnarane og kundane sine. Dette er eit område der Noreg har komme godt i gang gjennom dei offentleg-private samarbeida for landbruk og sjømat.
Deloitte peiker på auka utnytting av restråstoff frå jordbruk, skogbruk, havbruk og fiskeri, fortrinnsvis til høgverdiprodukt, som ei prioritert næringsmoglegheit. Havbruk, skogbruk og fiskeri eksporterer i dag store mengder uforedla råvarer som fisk og tømmer. Auka lønnsam foredling av råvarer i Noreg kan gi auka tilgang på restråstoff som kan utnyttast til høgverdiprodukt som mat, fôr, farmasøytiske produkt og kosttilskott.
Ein mogleg framtidig mangel på fôr er den største barrieren for utvikling av den norske havbruksnæringa på lang sikt.
Verdikjeder som strekkjer seg på tvers av land og hav, kan utnytte fleire restråstoff enn kvar sektor kan enkeltvis. SINTEF (2020) har sett på berekrafta, produksjonspotensialet og i kva grad det framtidige behovet for protein og umetta feitt i lakseoppdrett kan bli dekt av potensielle fôrkjelder, med vekt på moglegheitene som ligg i Noreg. Dei peiker mellom anna på bruk av bakteriar, gjær og sopp for å konvertere tare, trevirke og konsentrert CO2 frå industriutslepp (CCU). NMBU anslår at ein auke i bioraffinering av bioressursar til mikrobiell mat og fôr vil kunne gi auka sysselsetjing med cirka 700 årsverk i næringar dette vedkjem, og ei auka verdiskaping på om lag 1,7 mrd. kroner fram mot 2050.
Det vil komme nye dokumentasjonskrav til berekraft, avfallsrapportering og ombruk i dei ulike næringane. Datadeling og tilrettelegging for datadriven innovasjon og utvikling er sentrale element i utviklinga av ein meir sirkulær økonomi, og Noreg er allereie godt i gang gjennom dei offentleg-private samarbeida for landbruk og sjømat. Digitale samarbeid kan bidra til auka sirkularitet ved å gi oversikt over ressursar som oppstår i ei verdikjede, og dermed bidra til auka verdiskaping. At produsentane kan dele standardiserte data og informasjon om råvarer, innsatsfaktorar, medisinbruk med meir i heile verdikjeda, er eit viktig fundament for utviklinga av digitale marknader for sekundære råstoff. Regjeringa vil støtte kartlegging, dokumentasjon og utgreiing av aktuelle løysingar for ein digital marknadsplass for auka ombruk og meir lønnsam sirkulær utnytting av ressursar, plast og utrangert utstyr i bionæringane. Eit slikt arbeid vil byggje på etterretteleg dokumentasjon av berekraft. Tverrsektorielle løysingar som blir utvikla innanfor det offentleg-private sektorutviklingssamarbeidet, og som kan byggjast vidare ut mot internasjonale marknader, vil vere sentrale.

Noreg og ei rekkje EU-land har gått saman om ei erklæring som forpliktar landa til å jobbe for ein grøn og digital transformasjon. Ministererklæringa «Green and Digital Transformation of the EU» blei signert av distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland og ministrar frå ei rekkje EU-medlemsland under arrangementet Digital Day 19. mars 2021. I erklæringa om grøn og digital transformasjon forpliktar landa seg til å jobbe saman for å auke bruken av reine, grøne, digitale teknologiar til beste for miljøet.
Skal næringslivet kunne dele og bruke meir data, er det behov for at næringar og bransjar går saman om å utvikle felles standardar for datautveksling og for å etablere digitale infrastrukturar som gjer det mogleg for aktørane å samle inn, lagre, dele og analysere data. I dag er det etablert fleire prosjekt for offentleg-privat sektorutvikling (OPS), der betre informasjonsflyt og datadeling er ein viktig del av arbeidet. I desse samarbeida sit representantar frå næringa i førarsetet. Prioriterte sektorar er finans, havbruk, landbruk, energi/kraft, bygg, anlegg og eigedom og fiskeri.
Gjennom omstillinga denne strategien varslar, vil næringane forvente å betre dokumentere berekrafta si, også inn til offentlege myndigheiter. Gjennom å byggje vidare på det etablerte sektorsamarbeidet vil det sikrast at rapporteringa frå sirkulær økonomi blir ein integrert del av den samla datadelinga frå næringslivet. Denne typen dataflyt og datautveksling mellom private aktørar og ulike offentlege myndigheiter og tilsyn vil òg vere viktig for å sikre ein trygg ombruk av giftfrie ressursar.
Nasjonal strategi for ein grøn, sirkulær økonomi – regjeringen.no